I overgangen frå Smertefrihverdag.no til Hypnoterapeuten.no ber eg om forståing for litt kaos i både målføre og anna :-)
Innimellom sender jeg ut et lite nyhetsbrev. Dette kan inneholde alt fra små tips som kan hjelpe deg til en bedre hverdag, til de "større" tankene og funderingene om vår plass her i verden. Om jeg kommer med nye behandlingstilbud, eller rabatter og tidsavgrensede priskampanjer er det i dette nyhetsbrevet du først vil få høre om det.
YNGVIL BIRKELAND - Hypnoterapeuten.no - NYHETSBREV DESEMBER 2024
Vi er allerede i desember og eg har rukke å lande godt i lokala mine på Snippa.
Eg har vore heldig og fått mykje omtale både i lokalaviser og andre stader, og det virkar som ordet om hypnoterapeuten midt i sentrum av Volda har byrja å spre seg. Så dagane har vore hektiske sidan oppstart.
Tusen takk til alle dykk som har vist interesse eller har vore på besøk. Utan dykk, ingen hypnoterapeut! Eg gler meg til kvar einaste behandling, og ser fram til korleis dette skal utvikle seg vidare.
BALANSEN I TILVÆRELSEN
Dette nyhetsbrevet skal jo først og fremst handle om hypnoterapi og energibehandling. Men mange av dykk veit at eg også er biletkunstnar, og prøver å sjonglere mellom desse to lidenskapane.
Litt av grunnen til at eg tok spranget og flytta inn på Snippa var nettopp fordi her er mulighet for å kombinere terapi og kunst. Innerst i lokalet disponerer eg no eit stort rom som no er mitt atelier (...fint ord for arbeidsrom 🙂)
Bildet er riktignok frå det gamle atelieret mitt, men kva gjer ein ikkje for å få fram eit poeng?
(Foto: MA Ortiz)
Her vil eg etterkvart kunne ha både utstillingar, kurs og andre kreative aktivitetar. Som ein mjuk start opnar eg dørene til atelieret nokre dagar no i førjulstida. Aller mest for å gjere det kjent at bileta mine også finnast her. Om du er kunstinteressert eller ikkje er du hjarteleg velkommen til å ta turen innom for ein prat eller for å kikke på bilde. Du vil finne både maleri, signerte trykk i begrensa opplag og kunstkort.
Og du:
Hugs at eg fram til nyttår held fast på dei lave introduksjonsprisane på hypnoterapi. Bestiller du time hos meg innan 31.12.24 får du introduksjonspris sjølv om timen blir sett opp over nyttår.
Frå nyttår vil behandlingstilbodet bli noko endra og prisane justert for å sikre at eg kan fortsette på ein berekraftig måte. Blant anna er hypnoterapibehandling no underlagt 25 % meirverdiavgift.
Venleg helsing
Yngvil Birkeland
Hypnoterapeuten.no / Yngbirk.no (kunstsida)
Copyright © All Rights Reserved